Inaktiv

Assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk/ Kreft Poliklinikk, Helse Berge
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Frist
19.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Rogaland, Vestland).

Kreft Poliklinikk søker etter Assisterande seksjonsleiar som kan inngå i Poliklinikken sitt leiarteam. Poliklinikken er ei avdeling i sterk vekst med mange tilsette og med høg aktivitet. Vi har fokus på god pasientomsorg og på eit godt arbeidsmiljø.

Vi har ledig 100% fast stilling som Assisterande seksjonsleiar.



Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikken er inndelt i 2 hovuddelar - konsultasjonsdel og behandlingsdel
  • Du inngår i Poliklinikken sitt leiarteam saman med Seksjonsleiar, Assisterande seksjonsleiar og Fagsjukepleiar
  • Stillinga inneber også at du kan jobbe som kreftsjukepleiar i avdelinga og at du kan gå inn i pågåande fagutviklingsprosjekt som pågår eller kjem i framtida

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid i poliklinikk er ein fordel
  • Erfaring innan leiing og logistikk
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Du har god kjennskap til GAT og Personalportalen
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring innan kreftomsorg
  • Vidareutdanning innan kreftsjukepleie, eventuelt anna relevant vidareutdanning
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med kreftpasientar og at ein innehar kompetanse innan medikamentell kreftbehandling
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har evne til å ta sjølvstendige avgjerder
  • Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du behandlar pasientar og tilsette profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • God opplæring
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling i det daglege arbeidet
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Tone Bruland Neteland, Seksjonsleiar, 92468182, tone.bruland.neteland@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4855788277

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Ledelse
FINN-kode
369319266
Sist endret
05. sep. 2024 06:30