Spennande helgestilling som

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Helse
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar på legevakt
Frist
16.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

20% fast helgestilling på legevakt. Tilfeldige vakter utanom kan også vera aktuelt ved behov.

Om arbeidsstaden:

Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med Etne, med tilsaman 18 fastlegar og 6 sjukepleierar i turnus arbeid. Dei er lokalisert i Vindafjord beredskapsenter og er samlokalisert med Ølen legekontor. Nye og flotte lokaler.

Ein spennande og variert arbeidsplass, som byr på mange ulike oppgåver innan akuttmedisin.

Dette er ein fast helgestilling med arbeid kvar 3. helg og enkeltvakter i helligdagturnus.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Jobbe i team med lege på vakt
  • Prioritere rett pasient til rett tid. Ta anamnese og vurdera tiltak
  • Ivareta pasient og pårørande ved behov
  • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
  • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller
  • Laberatoriearbeid

Kvalifikasjonar:

  • Spesialsjukepleiar i akuttsjukepleie/legevaktsjukepleie
  • Sjukepleiar utan spesial kan også søkje
  • Du må kunne norsk skriftleg og munnleg, samt ha gode engelskkunnskapar
  • Det er ein fordel med gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar:

Du må like å jobbe sjølvstendig og i team, ta ansvar og ha eit godt klinisk blikk. Du må trivast med uventa situasjoner, ha fleksibilietet og handlekraft og halde roen i stressa situasjoner. Det er viktig med evne til god kommunikasjon.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
369237713
Sist endret
05. sep. 2024 06:11