Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsetaten, Eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering - korttid
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
04.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar frå 12.08.24, og søker engasjert og dyktig medarbeidar til teamet vårt!

Stillinga vil vere delt mellom HI- fløya og ressursbanken. I ressursbanken har ein fast turnus tilpassa turnusen på HI og går inn som vikar ved fråvær på avdelinga eller andre avdelingar på Alvehaugen.

Turnusen har arbeid på dag og kveldstid, med arbeid kvar tredje helg, eller kvar fjerde helg om du har langvakter på helg.

I bufellesskapet på HI- fløya på Alvehaugen har vi 21 omsorgsbustader som er bemanna heile døgnet med fast personale. Brukargruppa er i hovudsak eldre med stort hjelpebehov. Avdelinga er delt i to grupper, mange av personale jobbar på begge gruppene og bemanningsfaktoren er som på sjukeheimen.

Avdelinga jobbar tverrfagleg, og har eit godt samarbeid med sjukeheimen.



Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til ulike pasientgrupper og diagnosar. Brukargruppa er i hovudsak eldre som treng heildøgns pleie og omsorg.

Tenesta er organisert med primærkontaktar og vi legg vekt på å ha eit godt og nært samarbeid med brukar og pårørande.

Vi jobbar tverrfagleg og i samarbeid med andre einingar i sektoren.

Kvalifikasjonar

- autorisasjon som sjukepleiar
- god skriftleg og muntleg norskkunnskap
- krav om tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

- Du likar å jobbe med eldre
- Du likar å jobbe med heile mennesket og er roleg og trygg i utfordrande situasjonar
- Du er positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
- Du kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

- turnus med moglegheit for langvakter kvar fjerde helg (frivillig med langvakter)
- regulerte lønns- og avtalevilkår
- eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
- eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- ein variert og utfordrande jobb med mange spennande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
- moglegheit for kompetanseheving og kursing
- god opplæring til deg som er ny

Kontaktinformasjon

Gunn Sætre, Einingsleiar 3, +47 98230617

Arbeidsstad

Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten



Referansenr.: 4830846628

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
357934513
Sist endret
20. juni 2024 06:04