Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsetaten, Eining 3 Alvehaugen bu og rehabilitering - korttid
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
04.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar, og håper du vil vere med i teamet vårt!

Korttidsavdelinga (avdeling G) har 18 plassar og er organisert i to grupper som samarbeider tett om oppgåver og arbeidsfordeling. Vi tek imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus og pasientar frå eigen heim som treng korttidsopphald. Vi har og pasientar med vedtak om fast plass. Kommunen sin KAD-plass er på avdelinga. Arbeidsdagane vil difor vere varierte, utfordrande og spennande.

Avdelinga har god fagdekning, og du vil jobbe som ein del av eit team på 8 sjukepleiarar, 8 helsefagarbeidarar, lærling og assistent. Stillinga fordeler seg mellom avdeling G og ressursbanken.

Turnusarbeid på dag og kveld, og arbeid kvar tredje helg, eller kvar fjerde helg om du har langvakter helg (langvakter er frivillig). Vaktene i ressursbanken går til å dekke fråvær på avdelinga eller andre avdelingar på Alvehaugen.




Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til ulike pasientgrupper. Avdelinga tek imot pasientar i alle aldersgrupper, dei fleste er eldre.

Pasientane er ofte multisjuke og har behov for rehabilitering, medisinsk utgreiing, behandling eller palliasjon. Vi legg vekt på å ha eit godt samarbeid med pasient og pårørande, og vi samarbeider tett tverrfagleg og med andre einingar i omsorg.

Kvalifikasjonar

- Autorisasjon som sjukepleiar
- God skriftleg og muntleg norskkunnskap
- Tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

- Du likar å jobbe med eldre
- Du er roleg og trygg i utfordrande situasjonar og taklar å arbeide i eit hektisk og variert arbeidsmiljø
- Du er positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
- Du kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

- turnus som inneheld langvakter, heilt eller delvis
- regulerte lønns- og avtalevilkår
- eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
- aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- ein variert og utfordrande jobb med mange spennande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
- moglegheit for kompetanseheving og kursing
- god opplæring til deg som er ny

Kontaktinformasjon

Gunn Sætre, Einingsleiar 3, +47 98230617

Arbeidsstad

Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten



Referansenr.: 4830864434

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
357932981
Sist endret
20. juni 2024 05:56