Inaktiv

Lærar - vikariat ved Godøy skule

Arbeidsgiver
Giske kommune, Godøy skule
Stillingstittel
Lærar - vikariat ved Godøy skule
Frist
28.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Godøy skule har ledig 100 % vikarstilling som lærar frå 01.08.2024 - 31.07.2025.

Skulen er ein 1-7 skule, lokalisert på Godøya, med 140 elevar og omlag 45 barn i SFO. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Fag: Hovudsakleg norsk, matematikk, men treng også fleire fag.
  • kontaktlæraransvar.

Kvalifikasjonar

  • Lærarutdanning 1. - 7., helst med begynneropplæring i norsk og matematikk, men lærar med 1. - 10.kan og bli vurderte.
  • Gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging
  • God digital kompetanse - erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga vert vektlagt
  • Har erfaring som kontaktlærar
  • Er interessert i og har evne og vilje til nytenking og utvikling
  • Har engasjement, løysingsvilje og evne til fleksibilitet
  • Er god på samarbeid
  • Har gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Fagleg og personleg tryggheit
  • Vilje til tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel
  • Evne til å skape gode relasjonar og tillit
  • Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting
  • Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsvilje og til å ha barn sitt beste i fokus

Vi tilbyr

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette og lokalsamfunn som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette

Kontaktinformasjon

Oddfrid Reinlund, einingsleiar / rektor, +47 48023464

Arbeidsstad

Gøymyrane 122

6055 Godøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4828957664

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 28.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gøymyrane 122, 6055 Godøya
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
357210940
Sist endret
17. juni 2024 06:16