Inaktiv

Sjukepleiar - heimetenesta i Ytre Haram 

Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar HT Ytre Haram
Frist
30.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkar etter sjukepleiar i 100% stilling, for tiden til heimetenesta i Ytre Haram, som er lokalisert i Brattvåg. Stillingane er for tida i turnus, med arbeid på dag/kveld og kvar 4. helg, der helgevaktene er langvakter på 12,5 t.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommuna sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.



Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, eller ferdig utdanna sjukepleiar i 2024.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere oppteken av fag og framtid.
  • Du må vere løysingsorientert og engasjert.
  • Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med base i Brattvåg.
  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 20

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4827649452

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Storgata 20, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
357160925
Sist endret
14. juni 2024 06:14