Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har omlag 230 elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.

Vi søkjer motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for våre elevar og vere ein del av våre flotte kollegaer, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag 1. -7. trinn.
  • Den som søkjer må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
  • Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingssamarbeid både på trinn og kollegiet generelt.
  • Planlegge, gjennomføre og evaluerer læringsarbeid for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
  • Klasseleiing, heim-skule-samarbeid og eksternt samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning 1. -7. trinn er ønskeleg, alternativt grunnskulelærarutdanning 5. - 10 eller allmennlærarutdanning.
  • Fagkompetanse i td. norsk, matematikk, engelsk, mat og helse, kunst og handtverk/sløyd og kroppsøving.
  • Det er ønskeleg med utdanning i og/eller erfaring i særskilt norskopplæring, spes.ped. og uteskulepedagogikk.
  • Generell IKT-kompetanse, gjerne også ha meir kunnskap om iT.
  • Bør ha gode norskferdigheiter.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
  • Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og god på relasjonsbygging.
  • Du må like å bruke naturen som alternativ læringsarena.
  • Søkjarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
  • Systematisk kollektivt utviklingsarbeid.
  • Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhold og engasjement.
  • Tarifflønn og pensjonsordning gjennom SPK.

Kontaktinformasjon

Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, unni.neras.krogsaeter@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Skulesvingen 4

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4826745279

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 23.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
357160917
Sist endret
14. juni 2024 06:13