Inaktiv

Sjukepleiar - Indre Haram heimeteneste

Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar - Indre Haram heimeteneste
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter sjukepleiar i 100% fast stilling, for tida ved heimetenesta i Indre Haram. Stillinga er arbeid i turnus med arbeid 3. kvar helg, og er todelt med ca 50% på natt og 50% på dag. Indre Haram heimeteneste samarbeidar med Ytre Haram heimeteneste om å ha ansvar for Haram fastland på natt.

Indre Haram heimeteneste har base i fint og moderne lokale på Eidet Omsorgssenter. Eidet Omsorgssenter ligger sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommuna sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.



Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere oppteken av fag og framtid.
  • Du må vere løysingsorientert og engasjert.
  • Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med base i nye og fine lokaler på Eidet Omsorgssenter.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Kari Ann Jensen, 47516769, kari.ann.s.jensen@alesund.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 46866467, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4824780481

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
357090896
Sist endret
14. juni 2024 06:16