Inaktiv

Pedagogisk leiar/barnehagelærer

Arbeidsgiver
Oppvekst og kulturetaten
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
28.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ulstein kommune har to kommunale barnehagar. Sundgotmarka og Almejordet barnehage. Her kan du lese meir om barnehagane.
Frå barnehageåret 2024/2025 er det ledig stilling som pedagogisk leiar/ barnehagelærar i Almejordet barnehage.

Vi er på jakt etter topp motiverte, engasjerte og kvalitetsbevisste barnehagelærarar som kan legge til rette
for vennskap og gode, trygge dagar for barna.
Begge barnehagane arbeider med inkluderende praksis og har fokus på friluftsliv. Vi legg vekt på arbeidet med trygge og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK). Det er ønskeleg med oppstart 01.08.2024.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper
  • Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
  • Samhandling med andre instansar
  • Medverke til godt foreldresamarbeid
  • Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik
  • Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m.
  • Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar
  • Relasjonskompetanse
  • God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • God samarbeidsevne
  • Løysingsorientert
  • Autoritativ

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen:
Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald

Vi tilbyr

  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver
  • Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra
  • Autonomi
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ

Den som vert tilsett må legge fram politiattest.

Kontaktinformasjon

Linda Christin Arneberg, Styrar, +47 96208637

Arbeidsstad

Osnesvegen 50

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten



Referansenr.: 4828490810

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Osnesvegen 50, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
357071541
Sist endret
14. juni 2024 06:01