Inaktiv

Fagarbeider skulefritidsordning

Arbeidsgiver
Kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Stillingstittel
Fagarbeider skulefritidsordning
Frist
17.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Dei overordna satsingsområda til Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind dese satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. denne vilje skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

SFO ligg i skulens bygg midt i Fyresdal sentrum, i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall og samfunnshus. Midt i smørauga, med andre ord! Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv.
Uteområdet har skatebane, leikeapparat, ulike fotballbanar og mange tre og buskar. Dette er eit uteområde som stimulerer til høg aktivitet og trivsel. Like ved ligg Hamaren aktivitetsområde, eit flott friluftsområde tilrettelagt for både vandring, sykkel og leik i direkte tilknyting.



Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver er deltaking i ulike aktivitetar og skape godt miljø i gruppene.

Kvalifikasjonar

Fagbrev, barne- og ungdomsarbeider.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer fagarbeidar som er:

  • Positiv, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Har gode kommunikasjonsferdigheitar og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Er sjølvstendig og tydeleg
  • God på relasjonsbygging
  • Deltek aktivt i ulike opplegg

Vi tilbyr

  • Ein allsidig spanande kvardag med mange ulike og varierte arbeidsoppgåver
  • Samarbeid med ulike faggrupper
  • Gode oppvekstvilkår

    Tilsettingsvilkår
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk.
  • Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9

Kontaktinformasjon

Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97760221

Arbeidssted





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune



Referansenr.: 4823459883

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 17.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse, Annet
FINN-kode
356782741
Sist endret
12. juni 2024 05:55