Inaktiv

Fagarbeidar/miljøarbeidar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Hauge bustad har ledig stilling som fagarbeidar i 66,99% stilling
Frist
25.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.

Hauge bustad har no ein ledig stilling på 66,99% storleik. Stillinga har ein turnus med primært langvakter men nokre kortvakter. Det er arbeid kvar fjerde helg. Ein langvakt varar mellom 13 og 14 timar og ein kortvakt er mellom 7 og 8 timar.

Vi som arbeider ved Hauge bustad ønskjer oss ein ny kollega som både kan, vil og ønskjer å bidra med fagleg engasjement og omsorg. Det er viktig at du er ein trygg person som har hjarte for andre menneske, er god på kommunikasjon og god på relasjonsbygging.

Stillinga er ledig frå 1. oktober 2024! Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg, ønskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver
  • Miljøarbeid i samarbeid med dine medarbeideidarar
  • Følgje opp tiltak og prosedyrer
  • Oppdatere og vedlikehalde ulike prosedyrar
  • Medikamenthandtering
  • Journalføring - avvikshandtering
  • Forefallande arbeid
  • Delegerte oppgåver frå næraste leiar

Vi tilbyr
  • Variert arbeidsdag der personalet følger bruker gjennom kvardagen.
  • Stort rom for sjølvstendig arbeid
  • Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Høg fagleg kunnskap hos dine kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune

Du vil i aller høgste grad få ein arbeidskvardag som gjer meining. Ved Hauge bustad gjer du viktig og meiningsfylt arbeid!


Kvalifikasjonskrav
  • Fagbrev i helsefag eller barne-og ungdomsarbeidarfaget
  • Det er ønskjeleg med kompetanse innan personer med utviklingshemming
  • Erfaring med epilepsi er ønskjeleg
  • Erfaring med kap 9 tvang og makt er ønskjeleg
  • Sertifikat klasse B er eit krav
  • Egnethet vil bli vektlagt

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Sektor
Offentlig
Sted
Hauge, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
356756199
Sist endret
11. juni 2024 01:12