Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidar/miljøveiledar/assistent

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Kjørnes barnehage
Frist
24.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100 % fast stilling som Barne- og ungdomsarbeidar/ miljøveiledar/ assistent i Kjørnes barnehage i Sogndal kommune frå 12.08.2024.

Det kan verte fleire ledige stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor òg eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga.

Barne- og ungdomsarbeidar/ miljøveiledar/ assistent i Kjørnes barnehage

Arbeidsoppgåver:

  • Medverka til å skapa eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø.
  • Leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vera der for barna.
  • Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute.
  • Samarbeida med kollegaene og med føresette.
  • Hjelpa til med praktiske oppgåver som påkledning, rydding m.m.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant utdanning som sosialt arbeid, vernepleiar, barnevernspedagog, idrett, friluftsliv
  • Erfaring med barn og unge.
  • Beherskar norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg.
  • Du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning eller relevant praksis/erfaring.

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar.
  • Fysisk aktiv og leiken.
  • Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet og mat.
  • Engasjert i barna, tek initiativ og ansvar.
  • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar.
  • Likar å arbeida saman med andre.
  • Taklar høgt tempo i kvardagen.
  • Godt humør.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Kjekke og varierte dagar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Oppfølging og rettleiing
  • Bedriftstrening

Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:

Samskapande – Open – God – Nysgjerrig Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no

Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalendaren Kva skjer?

Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.

Andre opplysningar:

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn

eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Politiattest må leggast fram før tilsetjing.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen 24. juni, og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Stølagjerdet 2A, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
356748178
Sist endret
11. juni 2024 12:47