Inaktiv

Ledige stilligar som helsesjukepleiarar

Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Helsesykepleier
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Tokke kommune lyser ut 100% vikariat og 100% prosjektstilling som helsesjukepleiar i helsestasjon- og skulehelsetenesta.


Begge stillingane er ledig frå snarast til 01.06.25. Prosjektstillinga kan bli forlenga.


Stillingane er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.


Vi har stort fokus på tverrfagleg samarbeid og teamarbeid både internt og i samhandling med andre instansar.


Sentrale arbeidsoppgåver


  • Skulehelseteneste
  • Flyktninghelseteneste
  • Helsestasjon for ungdom
  • Reisevaksinering

Kvalifikasjonar


  • Ynskjeleg med offentleg godkjenning som helsesjukepleiar. Offentleg godkjend sjukepleiar med relevant vidareutdanning/arbeidserfaring er også velkomen til å søkje.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Arbeidserfaring innan helsestasjon- og skulehelsetenesta, eller anna førebyggjande arbeid er ein fordel.
  • Kurs i COS-P (foreldreveiledning) er eit ynskje.
  • Førarkort kl. B

Vi søkjar deg som


  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • er løysingsorientert, kreativ og fleksibel.
  • er positiv, engasjert og likar nye utfordringar.
  • likar å arbeide sjølvstendig, i team og med gruppeveiledning.
  • har evne til å skape gode og trygge relasjonar.
  • er kunnskapssøkjande og har fagleg fokus.

At du er personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.


Vi tilbyr


  • engasjerte kollegaer med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
  • utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt og fleksibelt arbeidsmiljø.
  • ein lærande og framtidsretta organisasjon.
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • løn etter avtale i henhold til kommunal tariffavtale.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.


Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.


Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leverast til næraste leiar ved ei eventuell tilsetting.


I samsvar med Offentleglova kan namn på søkjarane offentleggjerast.


Kopi av vitnemål og attestar må takast med ved eit eventuelt intervju.

For meir informasjon, ta kontakt med : Avdelingsleiar helse: Evy K. Aamlid tlf. 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
356651301
Sist endret
10. juni 2024 12:38