Inaktiv

Lærarstilling innan Teknologi- og industrifag 100 %

Arbeidsgiver
Haram vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Lærarstilling innan Teknologi- og industrifag 100 %
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Undervisningsstilling i Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi.

100 % stilling som lærar i utdanningsprogramma Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi.

Den som vert tilsett vil få ansvar for både ordinær undervisning og tilrettelagt undervisning for elevar med særskilte behov.



Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil innebere:

  • undervisning i den praktiske og teoretiske delen av programfaga på Vg1 Teknologi- og industrifag og Vg2 Industriteknologi
  • planlegging, gjennomføring og oppfølging av spesielt tilrettelagte undervisningsopplegg i programfag
  • samarbeid med faginstansar ved behov
  • samarbeid med lokalt næringsliv

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
  • erfaring frå undervisning i fagområdet og/eller erfaring frå mekanisk arbeid
  • god digital kompetanse
  • god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg

Personar med relevant fagutdanning, men som ikkje har godkjent pedagogisk utdanning, blir oppmoda om å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er:

  • ein engasjert og trygg medarbeidar
  • sjølvstendig, fleksibel og kan samarbeide
  • elevfokusert og nærverande i relasjon til ungdom og kollegaer
  • fokusert på likeverd og kvalitet i arbeidskvardagen
  • ein som er oppteken av eigne fagfelt, men og er med i planlegging og gjennomføring av tverrfaglege opplegg

Vi tilbyr

Haram vidaregåande skule tilbyr:

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • rettleiing for nytilsett pedagogisk personell og leiarar
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter tariff


Kontaktinformasjon

Jan Magne Helland, Rektor, +47 90266521

Arbeidsstad

Skuleråsa 10

6270 BRATTVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune



Referansenr.: 4809890568

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 23.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Skuleråsa 10, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
356649061
Sist endret
11. juni 2024 06:22