Inaktiv

Er du vår nye  tenesteplanleggjar?

Arbeidsgiver
SU-AdmStøtte Sunnfjord, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Seniorkonsulent tenesteplanleggjar
Frist
19.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining (GDE) Sogn og Fjordane er det ei ledig fast stilling som seniorkonsulent SKO 1363. Stillinga er stadsplassert i Florø.

GDE Sogn og Fjordane består av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn politistasjonsdistrikt. Kvart politistasjonsdistrikt servar det lokale publikum med polititenester innan politipatrulje, førebygging, etterforsking, pass/id og sivil rettspleie for å nemna nokon hovudfelt. GDE-en har og ein eigen etterforskingsseksjon som hendlar etterforskinga av dei mest alvorlege straffesakene i GDE-en. Me samarbeider tett på alle nivå internt i heile GDE-en.

Det er to tilsette som jobbar med tjenesteplanlegging i GDE Sogn og Fjordane som sin hovudoppgåve. Desse to deler også ein vakttelefon for sanntidsføring i TTA. Stadsplasseringa er som nemnt ved politihuset i Florø. Der er ein samlokalisert i tredje etg med andre administrative funksjonar i Vest politidistrikt, samt juristar og seksjonen for postmottak.

Vi søkjer deg som er motivert, sjøvstendig og kvalitetsbevisst. Du likar å jobbe i eit miljø med høgt arbeidstempo, held høg kvalitet i arbeidet og har god gjennomføringsevne. Som seniorkonsulent skal du kunne drive sjølvstendig saksbehandling med høg grad av skjønnsvurdering, og med avgjerdsmynde innan eigen portefølje.

Det kan bli endringar som følge av omorganisering av oppgåvene.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for ein heilskapleg og kontinuerleg tenesteplanleggjing ved driftseining Sogn og Fjordane
  • Planlegging og utarbeidig knytt til turnus/tenestelistar i samarbeid med tenesteeiningsleiarane i GDE en
  • Saman med leiarane sørga for ei tenesteplanlegging som gir ei effektiv ressursutnytting og måloppnåing på eininga
  • Sanntidskjøring og unntaksrapportering for GDE Sogn og Fjordane
  • Kontroll og føring i TTA av overtid og kjøring av periodeoppgjør
  • Kontroll og føring i TTA av endringer (bytte/flytte/fravær) i forhold til gjeldande instruksar/ regelverk, i tett dialog med leiarane
  • Kontroll av fritidsregnskap i TTA/SAP
  • Utføre andre gitte administrative oppgåver i GDE
  • Ajourføring av operativ kompetanse
  • Yte bistand til driftseininga i instruks og regelverk
  • Kvalitetskontroll, informasjon og rettleiing
  • Hovedattestant for GDE Sogn og Fjordane
  • Andre oppgaver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Minimum 3-års utdanning på høgskole- eller universitetsnivå
  • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særkilde høve (minimum 5 år) erstatte kravet til utdanning
  • God munnleg og skriftleg framføring på begge målføre
  • God system- og IT kompetanse

Har du erfaring frå stillinga sine arbeidsoppgåver, særleg med tanke på turnus og tenestelister vil dette bli vektlagd.


Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt
  • Gode samarbeidsevner og vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å handtera ein hektisk arbeidskvardag
  • Evne til å finna dei gode løysingane
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som seniorkonsulent (stillingskode 1363), frå ltr 59 / Kr 575 400,- til ltr 64/ kr 624 500,- brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninga (www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (t.d. fl eksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Referansenr: 24/75019

Kontaktinformasjon

Dag Fiske, Driftseiningsleiar, 916 66 672

For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Arbeidssted

Strandavegen 13

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4796320671

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 19.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandavegen 13, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Rådgivning, Kontor og administrasjon
FINN-kode
356645258
Sist endret
11. juni 2024 06:18