Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar - Sunnylven distrikt
Frist
30.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar frå 26.08.2024.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.

Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.



Arbeidsoppgåver

Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
Dokumentasjon i pasientjournal
Medikamenthandtering
Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
Tverrfagleg samarbeid
Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis

Kvalifikasjonar

Autorisert sjukepleiar
Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi
Førarkort
Evne til å halde seg fagleg oppdatert

Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Ynskje om å arbeide med eldre og vere oppteken av høg fagleg kvalitet
Gode kommunikasjonsevner
Sjølvstendig og målretta
Evne til å samarbeide godt med andre
Positiv i møte med brukarar og kollegaer
Personlege eigenskaper vert vektlagd

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Anne Lise Lødøen Helset, Fagleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 17

6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune



Referansenr.: 4826875059

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.06.2024


Sted
Hellesyltvegen 17, 6218 Hellesylt
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
356617700
Sist endret
10. juni 2024 12:46