Straumsfjellet avlasting

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Straumsfjellet avlastning
Stillingstittel
Miljøterapeut 60% fast
Frist
24.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om avdelinga:

Straumsfjellet avlasting er lokalisert sentralt på Straume og yt avlastning til familiar med born og unge med nedsett funksjonsevne. Avlastningsbustaden har totalt 7 plasser og er fysisk tilpassa ulike funksjonsnedsetjingar. Det er lagt vekt på å gje trygg og god avlastning tilpassa den einskilde sine behov. Personalgruppa er stabil og tverrfagleg samansett.

Arbeidsoppgåver:

  • Stell og pleie
  • Miljøarbeid med barn og unge med ulike diagnosar og somatisk kompleksitet
  • Medisinoppfølging
  • Delta i ansvarsgrupper
  • Primær-/sekundærkontaktoppgåver
  • Koordinatorrolle

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Helse eller sosialfagleg høgskuleutdanna (vernepleier/sjukepleiar/ergoterapeut)
  • Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Min. aldersgrense 18 år
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne
  • Førarkort B
Personlege eigenskapar:
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner

Anna:

  • Årsplan på 52 veker med ulike turnusordningar. Turnusen har ordinære vakter (tidleg- og seinvaktar) med arbeidshelg ca. 3 kvar helg (16 helger).
  • Tidlegvakter blir dels lagt til Straume Arbeids- og Aktivitetssenter.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Avd.leiar Straume avlasting Sylvia Breur tlf. 55 09 68 97 / 41 18 16 04

Leiar, Forvaltning og Støttetenester, Monica Førde Landro tlf. 95 80 85 36

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Straumsfjellvegen 15, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
356606608
Sist endret
10. juni 2024 07:31