Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Tennfjord barnehage, Haram kommune
Stillingstittel
Barne og ungdomarbeidar
Frist
21.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du jobbe hos oss? Vi har nå ei ledig 80% vikarstilling i Tennfjor barnehage som barne- og ungdommsarbeidar.

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnadar med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som blir nytta gjennom heile året. Barnehagen har 71 barn og 20 tilsette, fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.

I barnehagen vår spelar vi kvarandre gode og søker deg som er aktiv, leiken, fagleg, engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ynskjer å bidra til å gi barn ein god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.



Arbeidsoppgåver

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra til at det enkelte barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
  • Delta aktivt i barnehagens endrings- og utviklingsarbeid
  • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
  • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande, vise forståing og respekt

Kvalifikasjonar

For stilling som barne og ungdomsarbeider er det krav om fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget.

Søkar må vidare:
  • Levere godkjent politiattest av nyare dato.
  • Jobbe i tråd med barnehagelova.
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 18b.
  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig i det daglege arbeidet i kvardagen
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
  • Halde seg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar på personalmøter og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
  • Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskaper og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gro O. Jenssen, Tenesteleiar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 18

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4821366545

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 21.06.2024


Sted
Trolldalssletta 18, 6264 Tennfjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
356144739
Sist endret
07. juni 2024 01:08