Inaktiv

Erfaringskonsulent

Arbeidsgiver
Tenesteområde Integrering, Haram kommune
Stillingstittel
Erfaringskonsulent som snakkar ukrainsk.
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å utgjere ein forskjell for flyktningar som blir busette i Haram? Tenesteområde integrering søkjer ein driftig kollega med stort hjarterom og stor arbeidskapasitet.

Vi har ledig ei 100% fast stilling som ukrainskspråkleg erfaringskonsulent i Haram kommune frå 01.08.2024. Erfaringskonsulenten er organisert i tenesteområde integrering og vil vere del av kommunalområde livsløp.

Stillinga inneber miljøarbeid med nyankomne flyktningar. Erfaringskonsulenten kjem til å bruke store deler av arbeidstida si saman med flyktningane og hjelpe dei med dagligdagse gjeremål knytta til det å bo i Norge. Vi ser etter ein person som sjølv har kome som flyktning til Norge, og som no er ferdig med introduksjonsprogrammet. Det er viktig at personen snakkar ukrainsk.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.



Arbeidsoppgåver

Vegleiing/Oppfølging /Integrering

  • Gå på heimebesøk ved behov: sosialt førebyggande arbeid, bovegleiing, reparere småting o.l.
  • Ha sosialt oppfølgingsansvar for nybusette flyktningar inkl. born
  • Gi den einskilde kunnskap til å mestre dagleglivet og det som kan forventast av ein vaksen person i Norge, t.d.flyttemelding, betale rekningar o.s.b.
  • Vere med å gje foreldrevegleiing i forhold til å ha born i Norge.
  • Bestille og følge til lege/tannlege/sjukehus/politi/kollektivtransport den første gongen, eller ved behov
  • Hjelpe til med informasjon og etablering. Oppfølging i forhold til barnehage, skule og helseteneste etter avtale med flyktningkonsulent.
  • Hjelpe til ved tilvenning av born i barnehage, SFO og skule.
  • Introdusere nybusette til Haram og nærområdet.
  • Samarbeide med ulike instansar og frivillige organisasjonar med sikte på å betre livssituasjonen for flyktningane i Haram.
  • Formidle kontakt til frivillige organisasjonar.

Kvalifikasjonar

  • Snakke og skrive ukrainsk.
  • Norsknivå A2 eller B1 munnleg og skriftleg.
  • God forståing av det norske samfunnet. Bestått samfunnskunnskapprøve.
  • Erfaring med å jobbe med menneske.
  • God sosial kompetanse.
  • Plettfri vandel.
  • Digital kompetanse.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Vere sjølvstendig, arbeide systematisk og heilskapleg.
  • Like å arbeide med menneske og vere god på samarbeid.
  • Fleksibel
  • Evne til å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver, tileigne deg ny kunnskap og vere omstillingsdyktig.
  • Evne til nytenking og høg serviceinnstilling.
  • Tydeleg og klare å stå i og handtere krevjande samtalar og situasjoner.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande oppgåver i ein nybygd organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
  • Løn etter tariff.
  • Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP.

Kontaktinformasjon

Nils Edmund Stråmyr, Tenesteleiar, 90083282, nils.edmund.stramyr@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 46

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4821529781

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 46, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Rådgivning, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
356144528
Sist endret
07. juni 2024 01:01