Inaktiv

Helsefagarbeidar Nordøyane heimeteneste

Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar Nordøyane heimeteneste
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein helsefagarbeidar i 100% stilling, for tiden ved Nordøyane heimeteneste, som er lokalisert på Longva. Stillinga er for tida i tredelt turnus, med arbeid på dag/kveld/natt og kvar 3. helg.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommuna sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.



Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som helsefagarbeidar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar, eller ferdig utdanna helsefagarbeidar i løpet av kort tid.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere oppteken av fag og framtid.
  • Du må vere løysingsorientert og engasjert.
  • Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
  • Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande
  • Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du har godt humør og ei positiv framtoning.
  • Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
  • Du ønsker å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får riktig tilbod på riktig plass.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med base på Longva.
  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Tone Elise Austnes, Avdelingsleiar, 47684062, tone.elise.austnes@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Øvstevegen 200

6293 Longva

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4823926500

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 26.08.2024

Søknadsfrist: 23.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Øvstevegen 200, 6293 Longva
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
356144382
Sist endret
07. juni 2024 12:53