Arbeidsleiar Elektro

Arbeidsgiver
Ulstein Elektro Installasjon AS
Stillingstittel
Arbeidsleiar Elektro
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe som Arbeidsleiar Elektro på vår vedlikehaldsavdeling?

Skipsbyggingsområdet, som Ulstein Elektro Installasjon er ein del av, er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire dyktige kollegaer til teamet vårt.

Vi ønskjer å styrke vår vedlikehaldsavdeling med elektrokompetanse. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg. På vedlikehaldsavdelinga vil du få eit utvida ansvar opp mot det elektriske anlegget på verftet. Du blir tilsett i Ulstein Elektro Installasjon, tett tilknytta vedlikehaldsavdelinga på Ulstein Verft. Arbeidet vil gå ut på vedlikehald og reparasjon av elektriske installasjonar og utstyr på anlegget.

Har du ikkje alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.

Korleis er det å jobbe i Ulstein Elektro Installasjon?

Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.



Arbeidsoppgåver


  • Planlegging og leiing av arbeid
  • Time- og bemanningskontroll av eigne og innleigde ressursar
  • Rapportering av framdrift i samsvar med planlagt aktivitet
  • Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
  • Vedlikehald, kontroll og ettersyn av teknisk anlegg/utstyr
  • Foreta nødvendig utbetring på utstyr og anlegg

Kvalifikasjonar

Dei fleste av våre tilsette har fagbrev som elektrikar. Mange av arbeidsoppgåvene våre krev også at du har praktisk og teknisk forståing, og det vil vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman. Lagånd står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.

Personlege eigenskapar

  • Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr. L
  • Fagleg interessert
  • Engasjert, og med god arbeidsmoral
  • Sjølvstendig, og med høge krav til eige arbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Resultatorientert
  • Initiativrik
  • God HMS-haldning

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

Kontaktinformasjon

Vidar Longva, Arbeidsleiar ved Avdeling Vedlikehald, 97014421, vidar.longva@ulstein.com

Atle Moldskred, Department Manager Production, 47021540, atle.moldskred@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS



Referansenr.: 4818226748

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.08.2024


Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker, Ledelse, Ingeniør / Elektroingeniør
FINN-kode
355896789
Sist endret
05. juni 2024 02:44