Inaktiv

Miljørettleiar ved Giske ungdomsskule

Arbeidsgiver
Oppvekst, Giske kommune
Stillingstittel
Miljørettleiar ved Giske ungdomsskule
Frist
17.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig fast 100 % stilling som miljørettleiar ved Giske ungdomsskule frå 01.08.2024.

I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal skannast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Sosial- og spesialpedagogisk arbeid retta inn mot enkeltelevar og grupper/klasser.
  • Ansvar for kartlegging, planlegging og tilrettelegging for enkeltelevar og elevgrupper.
  • Tett samarbeid med føresette, andre tilsette ved skulen og relevante instansar utanfor skulen.
  • Rettleiing av tilsette og føresette innanfor miljøterapeuten sitt kompetanseområde.
  • Arbeid inn mot elevar med spesielle diagnosar.
  • Koordinator i ansvarsgruppe.
  • Leie og referere i ulike møter osb.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som vernepleiar, men andre med relevant utdanning og erfaring kan også søke.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
  • Evne til sjølvstendig arbeid, men også samarbeid med andre.
  • Engasjement og løysingsvilje.
  • Evne og helse til å stå i krevjande arbeidsdagar.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Britt Leira Heimdal, einingsleiar / rektor, +47 40846508

Arbeidsstad

Valderhaug 14

6050 Valderhaugstranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4824315921

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Valderhaug 14, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
355757426
Sist endret
04. juni 2024 04:40