Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Tenesteområde Integrering, Haram kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å utgjere ein forskjell for flyktningar som blir busette i Haram? Tenesteområde integrering søkjer ein driftig kollega med stort hjarterom og stor arbeidskapasitet!

Vi har ledig ei 100% fast stilling som lærar i Haram kommune frå 01.08.2024. Arbeidsområdet er hovudsakleg undervisning av innvandrarar i norsk med samfunnskunnskap. I dag går undervisninga føre seg i Dalevegen 46 i Brattvåg, og strekker seg over 47 veker i året.

Lærarstillinga er organisert i tenesteområde integrering og vil vere ein del av kommunalområde livsløp. I livsløp har ein samla fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar der det er naudsynt.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.

Arbeidsoppgåver

Som lærar i tenesteområde integrering vil arbeidsoppgåvene dine vere varierte, men hovudsakleg bestå av:

  • undervisning i norsk med samfunnskunnskap
  • arbeidsretting av norskopplæringa
  • samarbeid internt og eksternt
  • pedagogisk utviklingsarbeid gjennom arbeid med læreplanar og ulike prosjekt

Arbeidsoppgåvene kan endrast etter det gjeldande behovet til tenesta.

Kvalifikasjonar

Det er nødvendig med:

  • godkjent lærarutdanning
  • fagkompetanse i norskfaget
  • norsk som andrespråk - for fast tilsetting er kravet minst 30 studiepoeng

I tillegg er følgande relevant:

  • grunnleggande lese- og skriveopplæring
  • spesialpedagogikk
  • erfaring frå vaksenopplæring og andrespråksinnlæring
  • digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

Tenesteområde integrering søkjer lærar som er/har

  • engasjert og fagleg dyktig
  • samarbeidsorientert
  • fleksibel og omstillingsdyktig
  • tydeleg og har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • interesse for fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • lett for å ta initiativ og vere med på å utvikle tenesta

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • interessante og utfordrande oppgåver i ein nybygd organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer
  • eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap
  • tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
  • løn etter tariff
  • medlsmskap i SPK pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Nils Edmund Stråmyr, Tenesteleiar, 90083282, nils.edmund.stramyr@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4820042724
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 16.06.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 46, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
355170264
Sist endret
31. mai 2024 08:01