Inaktiv

Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage AS
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
10.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med og forandre verda? For barna i barnehagen. For foreldra deira. For lokalsamfunnet. Hos oss skal kvart einskild barn oppleve og føle at det er verdifullt. Denne stillinga er for deg som vil vere med på dette!

Læringsverkstedet er den største private barnehageaktøren i Norge. Kvar dag jobbar vi for den same visjonen; ‘Vi får verdas viktigaste verdiar til å vekse.’ Vårt mål er at barna skal vekse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati.
Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage opna i 2012. Barnehagen har plass til 96 barn fordelt på 6 avdelingar. Hos oss møter du vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i barn sine liv, vaksne som ønskjer å formidle hjertekultur i alt vi gjer.

Vi har behov for 1 barnehagelærarar som vil vere med å bidra til at barna i Naustdal Idrettsbarnehage opplever at dei er verdifulle kvar einaste dag. Vi ser etter deg som arbeidar med hjartet utanpå skjorta, som byr på deg sjølv, som er aktivt tilstedeværende der barna er, raus og tydeleg, leiken og ambisiøs!
Hos oss treng du ikkje vere topptrent eller naturekspert, men vi har ei forventning at du er aktiv samen med barna, både inne, ute, i hall og på tur.

Du finn meir informasjon om oss på
facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=100063557232190
heimeside: https://laringsverkstedet.no/barnehage/naustdal-idrettsbarnehage




Arbeidsoppgaver

  • Rettleie og støtte personalet i det pedagogiske arbeidet
  • Bistå pedagogisk leiar med administrativ leiing av avdelinga
  • Delegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at avdelinga sine mål blir nådd
  • Barnehagelærar har ansvar når pedagogisk leiar ikkje er til stade
  • Legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette
  • Dele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagen
  • Vere ein pådrivar i evalueringsarbeid og kontinuerlig forbetring
  • Halde deg fagleg oppdatert, samt delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd
  • Bidra i planlegginga av den daglege verksemda og ha ansvar for gjennomføringa, bidra med månadsplanar og førebuing av foreldresamtalar

Kvalifikasjoner

Du må vere ein relasjonsorientert person som ser kvart einskild barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ønskjer å formidle. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barn sin leik og utvikling.

Du framstår som løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkes i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du liker nye utfordringar og arbeidar godt under press, vidare er du ansvarsbevisst og sjølvstendig. Vi ønskjer ein pedagog som er god, varm og omsorgsfull. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale. Du har helse til og glede av å delta i barn sin leik, læring og undring. Du må identifisere deg med Læringsverkstedet sine verdiar.

Personlige egenskaper

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
  • Erfaring frå barnehage er ønskeleg
  • Gode leiareigenskapar
  • Du er ein aktiv vaksen som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ønskjer å formidle
  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • Politiattest må ligge føre før tilsetting
  • Bakgrunn frå, og kunnskap om idrett er ønskeleg

Vi tilbyr

  • Tariffavtale gjennom PBL
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • IA-bedrift
  • Arbeidskle
  • Eit aktivt og spennande fagmiljø med stor variasjon av kompetanse og erfaring
  • Attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mykje pedagogisk materiell og varierte fagrom
  • Felles intranett og ressursbank
  • Stort fokus på kompetanseutvikling
  • Rettleiing i 2 år for nyutdanna barnehagelærarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Politiattest må ligge føre før tilsetting
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlag

Kontaktinformasjon

Eva Jeanette Gunnes, Daglig leder, +47 41651800

Arbeidssted

Berrvellene 36

6817 Naustdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage AS



Referansenr.: 4819402331

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 28.02.2025

Søknadsfrist: 10.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Berrvellene 36, 6817 Naustdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
354259914
Sist endret
24. mai 2024 01:47