Inaktiv

Sokneprest i Jæren prosti med Gjesdal sokn som tenestestad

Arbeidsgiver
Stavanger bispedømmeråd
Stillingstittel
Sokneprest i Jæren prosti med Gjesdal sokn som tenestestad
Frist
13.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer ein sokneprest som har evner til relasjonsbyggjande og kyrkjelydsbyggjande arbeid. Soknepresten vil arbeida saman med stab og sokneråd om trusopplæring og gudstensteutvikling.

Gjesdal sokn dekkjer bygdene Gjesdal, Oltedal og Dirdal/Gilja. Kyrkjelydane har eit rikt og mangfaldig kyrkjelydsliv. Det er forordna gudstenester 3 stadar i Gjesdal sokn: i Gjesdal kyrkje, Oltedal kyrkje og Dirdal kyrkje. Det er eitt felles sokneråd. Kyrkjelydane ønskjer å vere misjonale både lokalt og globalt.

Gjesdal kyrkjelege fellesråd dekkjer Gjesdal og Ålgård sokn og soknepresten i Gjesdal inngår i dette felles samarbeidsområdet. Soknepresten har stabsfellesskap på kyrkjekontoret på Ålgård. Meir info: www.gjesdal.kirken.no

Gjesdal kommune har ei ung befolkning. Forutan gardsdrift, industri og servicenæring, reiser mange til arbeidsplassane sine i Sandnes, Forus og Stavanger. Desse områda vert nådd innan ca. ein halv time. Kommunen har mykje flott natur å by på, med hei og fjell, til turgåing, jakt, fiske og ski om vinteren. Kommunen har gode tilbod innan idrett, speiding, kulturskule etc. Meir info: www.gjesdal.kommune.no.

Soknepresten inngår òg i prestefellesskapet i Jæren prosti. Jæren prosti består av kommunane Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Prosten leiar arbeidet i prostiet og samlar prestane til jamlege pastoralsamlingar. Det er 12 sokn i prostiet, pluss at fengselsprestane i sør-Rogaland er med i fellesskapet.



Arbeidsoppgaver

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan og i samsvar med tenesteordninga for prestar i DNK.
  • Utvikle og realisera kyrkjelyden sine visjonar og mål i samarbeid med sokneråd og stab.
  • Ansvar for konfirmantane og samarbeid mellom skule og kyrkje i Gjesdal sokn.
  • Rekruttering og oppfølging av frivillige gudstenestemedarbeidarar.
  • Samarbeid om felles oppgåver i fellesrådet.
  • Oppgåver i prostiet under leiing av prosten.
  • Bakvakt og beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedømme.

Kvalifikasjoner

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum.

Personlige egenskaper

Vi ønskjer oss ein sokneprest som:

  • Er glad i å arbeide med gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Er god på å byggja team og bidra til et godt samarbeid mellom stab og frivillige.
  • Inspirerer gjennom aktuell og Kristussentrert forkynning.
  • Evner og vilje til å kommunisera med barn, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar.
  • Kan finna seg til rette blant folk og i kulturen i bygdene i Gjesdal.
  • Har gode samarbeidsevner i høve til kollegaer, sokneråd, frivillige og leiinga på bedehusa i soknet.

Vi tilbyr

  • Stillinga vert lønna som sokneprest etter gjeldande reglar.
  • Vanlege godtgjersler etter gjeldande regulativ.
  • Skyss- og telefongodtgjersle etter offentlege satsar.
  • Pensjonsinnskot og medlemskap i Statens Pensjonskasse etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrke.
  • Det blir gitt tilbod om arbeidsrettleiing (ABV).

Andre opplysninger

  • Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjersler som kan påverka tenesta sine gjeremål og tenestedistrikt.
  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponera bil.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane vert difor bedne om å utforma ein eigenpresentasjon i sin søknad, som svarar på dei utfordringane som kjem fram i utlysingsteksten.
  • Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Oppmoding om å få sitt namn halde unna denne må grunngivast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
  • Målforma er nynorsk.
  • Kvinner og yngre prestar vert oppmoda til å søka.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
  • Alle søkjarar må søkja elektronisk.

Kontaktinformasjon

Gunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 51 84 62 70

Lars Sigurd Tjelle, Prost i Jæren, 47 45 13 40

Arbeidssted

Kyrkjeveien 21

4330 Ålgård

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmeråd



Referansenr.: 4818606434

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.06.2024


Sted
Kyrkjeveien 21, 4330 Ålgård
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
354251818
Sist endret
25. mai 2024 08:08