Inaktiv

Leiar for helseavdelinga

Arbeidsgiver
Hyllestad Kommune Helse- Og Omsorgsleiar
Stillingstittel
Leiar for helseavdelinga i kommunen
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter leiar for helseavdelinga, fast 100 % stilling frå 15.8.2024.


Helseavdelinga omfattar legekontor, rus og psykiatri, helsestasjon, flyktningtenesta, fysioterapi, samt interkommunalt barnevern og NAV. Stillinga rapporterer til kommunalsjef helse- og omsorg.


Kvifor søkje hos oss?
  • Nyoppretta stilling som leiar for helseavdelinga, du vil få høve til å vere med å forme stillinga
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor

I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP


Klar til å søkje? Gå rett til søknadsskjema her


Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?


Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.


Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo


Som leiar for helseavdelinga vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
  • Dagleg leiing av avdelinga, dette inneber økonomistyring for tenesteområdet og personaloppfølging
  • Folkehelsearbeid/fokus på førebyggjande arbeid
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Strategisk og framtidsretta tenesteutvikling

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.


Vi ser for oss at du har

bachelorutdanning innan helsefag, har erfaring som leiar, og gjerne frå kommunal verksemd.


Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, vi ser etter nokon som er både tydeleg og lyttande, løysingsorientert og likar å arbeide med mennesker. Hyllestad kommune er oppteken av helsefremjande og førebyggjande arbeid, dette ser vi som eit viktig arbeid i åra framover.


Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunalsjef helse og omsorg Rolf Horne, telefon 577 89 515/ 469 37 412.


Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg.


Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.


Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
  • Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
  • Hyllestadinfo
  • Informasjon om bustadtilskot til førstegangsetablerarar
  • Sjå film om den fine kommunen vår!

Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no


VELKOMEN SOM SØKJAR!

Sektor
Offentlig
Sted
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
354249985
Sist endret
24. mai 2024 12:30