Inaktiv

Lokal sikkerheitsavdeling leitar etter sjukepleiar/vernepleiar til fast 70-80% nattevaktstilling, arbeid 4.kvar helg

Arbeidsgiver
Klinikk for sikkerhetspsykiatri, Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 80% fast still på natt med arbeid 4.kvar helg
Frist
07.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.

Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Lokal sikkerheitspost har no ledig 70-80% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt med jobb kvar 4. helg, langvakter. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa, oppfordrast menn til å søke.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling og rehabilitering
  • Du deltar i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykolog, psykiater, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar og ergoterapeut
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
  • Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
  • Det er ønskeleg med erfaring frå sikkerheitspsykiatri, psykisk helsevern og/eller rusomsorg
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • 15 000 kroner pr år i særtillegg
  • Du vil få grundig opplæring
  • Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
  • Du får 2- dagers kurs i møte med aggresjon (MAP) med moglegheit for trening kvar veke
  • Opplæring i risikovurdering og risikovurderingsinstrumentet HCR-20
  • Dette er ein stilling som gir både fagleg og personleg utvikling
  • Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Treningsrom for tilsatte
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

På grunn av personalgruppens sammensetning oppfordres menn til å søke


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Charlotte Sunde, Ass.Seksjonsleiar, 55958354, synne.gripsrud@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4818688837

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 07.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
354208457
Sist endret
24. mai 2024 09:53