Inaktiv

ID 2203 Teiknspråklærar - Nysæter ungdomsskule

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Teiknspråklærar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nysæter ungdomsskule har frå august 2024 om lag 30 tilsette og 220 elevar fordelt på 8.-10. trinn. Skulen har dei siste åra gitt tilbod til elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk.


Nye Nysæter ungdomsskule/kultur- og idrettspark vart tatt i bruk i januar 2023. Uteområdet vil verta ferdig i løpet av sommaren. Dette er eit av dei flottaste skuleanlegga på Vestlandet, med alt som trengs i ein moderne utdanningsinstitusjon. Personalet er opptatt av samarbeid og utviklingsarbeid, og har hatt fokus på klasseleiing, relasjonsbygging og variert organisering av opplæringa for å få til best mogleg tilpassa opplæring og eit godt og trygt skulemiljø for alle elevane. Mål, utprøving, erfaringsdeling og justering er stikkord i dette arbeidet. Personalet er eit godt kompetent lag som saman dreg lasset i same retning.


På den nye skulen samarbeider me godt med andre brukarar; folkebibliotek, idrettslag, skulekorps med fleire. Målet er at skule/ kultur- og idrettspark skal verta eit samlingspunkt i kommunen med liv og røre frå morgon til kveld.


Det er ledig fast 100% stilling som teiknspråklærar frå 01.08.24.


Stillinga inneber oppfølging av elev med rett til opplæring i og på teiknspråk. Skulen har eit fagleg samarbeid med Statped i Bergen som har ansvar for delar av opplæringa.


Kvalifikasjonskrav:


  • Pedagogisk utdanning
  • 60 studiepoeng innanfor teiknspråk.
  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.

Me kan tilby:


  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.


Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Trude Aamot tlf. 53409753/96047975.

Sektor
Offentlig
Sted
5410 Sagvåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
354207349
Sist endret
24. mai 2024 06:46