Inaktiv

Sakshandsamar

Arbeidsgiver
Koordinering og tildeling, Haram kommune
Stillingstittel
Sakshandsamar
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vikariat 100%, svangerskaps-vikariat i 1 år.

01.01.24 vart Haram ei eiga kommune etter at Ålesund kommune vart delt i to. Haram kommune søkjer etter sakshandsamar ved Koordinering og tildeling.

Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester. Tenester vert tildelt med utgangspunkt i ein overordndna strategi som er utarbeidd, og har form som ei innsatstrapp. Den som skal arbeide ved Koordinering og tildeling må ha god kunnskap om tenestene i kommunen, og vere serviceinnstilt.

Tenestene blir tildelt etter ei individuell vurdering. Du som sakshandsamar skal ha fokus på brukarmedverknad, dialog og samhandling. Mange av vår brukarar har behov for samansette tenester, og vi har eit koordineringsansvar for dette.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med heilskaplelege tenester i fokus, og ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.



Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsame søknadar om helse- og omsorgstenester; velferdsteknologi, institusjonsopphald, ulik bistand i heimen, dagopphald, psykiske helsetenester, tenester til barn og unge m.m
  • Gje informasjon, råd og rettleiing
  • Deltaking i ulike samarbeidsmøte
  • Tverrfagleg samhandling internt og eksternt
  • Kartlegging av bistandsbehov
  • Heimebesøk

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse med erfaring frå: arbeid med brukargruppa og/eller heimetenesta/tenester til heimebuande/institusjon, psykisk helsetenester og personar med utviklingshemming
  • Gjerne erfaring med Helseplattformen
  • God kjennskap til helse- og omsorgsoppgåvene i kommunen, samt gjeldande lovverk
  • Utdanning innan sakshandsaming - Helserett er ein fordel
  • Nødvendig med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • For stillinga vil det bli lagt vekt på at ein er personleg eigna
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Har gode kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Er løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
  • Engasjerte medarbeidarar med høgt fagleg fokus
  • Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Vere med å bygge ei ny kommune
  • Løn etter avtale
  • God persjonsordning

Kontaktinformasjon

Iren R. Leine, Tenesteleiar, 48292143, iren.ramsvik.leine@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4816926194

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.07.2024

Sluttdato: 29.06.2025

Søknadsfrist: 16.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
354202152
Sist endret
24. mai 2024 06:41