Resepsjonsmedarbeider

Arbeidsgiver
Gaupnetunet As
Stillingstittel
Resepsjonist
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du stor interesse for hotellfag og reiseliv? Då er det deg me ser etter!


Me legg stor vekt på vertskapsrolla og ønskjer at alle våre gjester skal trivast hos oss, med ønskje om å kome att. Derfor er det viktig at du set den gode serviceopplevinga høgt, er framoverlent, kvalitetsbevist og er villig til å stå på. Stillinga går ut på resepsjonsarbeid, booking og kundeservice, du vil også ta del i servering i sommarrestauranten.


Stillinga vil vere på kveldstid og helg, og er dermed ein perfekt jobb ved sidan av studiet. Det vil vere mogleg å variere stillingsprosenten i periodar, med auka stilling gjennom sommarsesongen.


Det er viktig å kunne kommunisere like godt på engelsk som på norsk, gjerne også på tysk eller anna framandspråk.


Relevant utdanning og/eller erfaringsbasert kompetanse frå bransjen vil bli prioritert.


Krav til kompetanse


  • Norsk, god muntleg og skriftleg
  • Engelsk, god muntleg og skriftleg

Personlige eigenskapar


  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeidsegenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Rådhusvegen 2, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Kundeservice, Hotell og overnatting / Resepsjon, Mat og servering
FINN-kode
354165751
Sist endret
23. mai 2024 05:45