Inaktiv

Undervisningsstilling - Lærar tilrettelagt opplæring

Arbeidsgiver
AUH - AUSTRHEIM VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling - Lærar innan tilrettelagt opplæring
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet "Me bryr oss!" ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.



Arbeidsoppgåver

Austrheim vidaregåande skule har frå 01.08.2024 ledig undervisningsstilling i 100%.

Arbeidsoppgåver:

* Tilrettelagt opplæring i programfag på teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk.
* Tilrettelagt opplæring i fellesfag.
* Ansvar for å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga. '
* Bidra til kompetanseutvikling i profesjonsfellesskapet - både pedagogisk og fagleg.


Kvalifikasjonar


Det er ynskjeleg med:
* Yrkesfaglærarutdanning (YFL), praktisk-pedagogisk utdanning eller almennlærarutdanning.
* Fagbrev innan teknologi- og industrifag eller bygg- og anleggsteknikk
* Spesialpedagogisk kompetanse.
* Erfaring frå undervisning.
Det er ikkje sikkert at det er mogeleg å få søkjarar som oppfyller alle desse ynskja, så ein almennlærar med meir uformell praktisk kompetanse vil kun vere aktuell. Det same vil ein fagarbeidar med dei rette personlege eigenskapane kunne vere.

Det er krav om framvisning av politiattest.

Personlege eigenskapar

* Eit positivt elevsyn og ser mogleheitar i alle elevar
* Likar å arbeide praktisk.
* Pedagogisk og faglig nysgjerrig
* Utviklingsorientert
* Gode evner til samarbeid, lagtenking og relasjonsbyggjande eigenskapar
* Opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø med tydeleg klasseleiing
* Strukturert og sjølvstendig

Vi tilbyr


* Eit aktivt og stimulerande fagmiljø og med i teamet vårt for tilrettelagt opplæring.
* Bidra til utvikling av vår nye læringsverkstad.
* Nært samarbeid med kollegaer.
* Høve til tverr
* Eit særs godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
* Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar


Andre opplysningar

I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar

Kontaktinformasjon

Frode Hervik, rektor , 90565217

Arbeidsstad

Mastrevikane 44

5943 Austrheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4818734896

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Mastrevikane 44, 5943 Austrheim
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
354124284
Sist endret
24. mai 2024 06:20