Inaktiv

Transportbetjent (miljøterapeut)

Arbeidsgiver
Kriminalomsorgens transporttjeneste
Stillingstittel
Transportbetjent (miljøterapeut)
Frist
07.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillingane


I Kriminalomsorgens transportteneste (KTT) er det ledig ein fast, 100 %- stilling som transportbetjent for tiltredelse etter sommaren. Stillinga er for tida innplassert ved transportbasen vår ved Telemark fengsel i Skien.

Det må påreknast arbeid i det geografiske virkeområdet til heile transporttenesta. Sjølv om dei fleste arbeidsoppdraga p.t. går føre seg på Austlandet, utfører KTT òg oppdrag i andre landsdelar (sjå faktaboks om kriminalomsorga).


KTT leverer transport- og framstillingstenester alle kvardagar i tida 07:00-18:00, og arbeidstida består i stor grad av lange vakter med 10 timars varigheit. Det må òg påreknast noko arbeid før kl 07 eller etter kl 18.

Ein transportbetjent i kriminalomsorga blir tilsett i stillingskode 0808-miljøterapeut, der den tilsette skal ha evne til å ta vare på tryggleiken under transport- og framstillingsoppdrag med innsette.


Arbeidsoppgåver
  • gjennomføra transport og framstillingar av innsette til rettsmøte, sjukehus, tannlege osv.
  • gjennomføra overføringar av innsette
  • utføra kontroll- og sikringsoppgåver for politiet og kriminalomsorga
  • hjelpa til med administrering av oppdrag og administrative arbeidsoppgåver for KTT
  • utføra nødvendig vedlikehald av materiell og utstyr
  • utføra andre oppgåver gitt av leiar (t.d. opplæring av nye tilsette og delegerte oppgåver i avgrensa arbeidsfelt)

Den som blir tilsette må rekna med endringar i oppgåver og ansvarsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • generell studiekompetanse
  • førarkort klasse B
  • godkjent opplæring i avgrensa politistyresmakt
    (Manglande opplæring i avgrensa politistyresmakt vil eventuelt bli besørget av arbeidsgivar ved nytilsetjing.)

Det er ønskelig at du har

  • fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS), arrestfagstudiet frå Politihøgskolen (PHS) eller anna relevant utdanning
  • erfaring frå arbeid med menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • god kunnskap og erfaring i dagleg bruk av IKT- system eller -verktøy

Personlege eigenskapar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du viser god evne til å handtera menneske i ein vanskeleg livssituasjon
  • Du verkar som ein moden person med ein roleg, balansert og tillitsvekkende framtreden
  • Du har god fysisk og psykisk helse
  • Du er fleksibel, smidig og løysingsorientert og kan omstilla deg raskt
  • Du kan jobba godt i team, der de tek sjølvstendige avgjerder innanfor gitte rammer
  • Du har ei god stressmeistringsevne

Me tilbyr
  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse

Stillingen blir lønt som miljøterapeut frå kr 443 000 - 509 300 pr. år (lønnstrinn 41-51), avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. (Tariffoppgjeret 01.05.2024 kan medføra endringar av beløp og lønnsinnplassering.)


Generell informasjon


Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.

Me jobbar for å realisera inkluderingsdugnaden til regjeringa om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Me gjer merksam på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.

Me gjer òg merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varselet om dette og gitt høve til å trekkja søknaden.


Den som blir tilsett må retta seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga blir fått ved førespurnad til leiar av KTT: André Åkvik, tlf. 901 63 687.

Søknad og CV blir sendt elektronisk via linken "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Relevante vitnemål og attestar bør følgja søknaden. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20


Sektor
Offentlig
Sted
Rødmyrlia 43, 3735 Skien
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
354124113
Sist endret
24. mai 2024 06:20