Inaktiv

100% fast stilling som lærar i realfag

Arbeidsgiver
ARD - ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
100% fast stilling som lærar i realfag
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 150 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2024:

100% fast stilling som lærar i realfag



Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undervisning
  • Vurderingsarbeid
  • Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam.
  • Til stillinga må du som søkjar vere førebudd på å vere kontaktlærar.
  • Stillinga vil vere retta mot undervisning på både studiespesialiserande og yrkesfagleg programområde.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå i følgjande realfag:

  • matematikk
  • fysikk
  • teknologi og forskingslære

Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant utdanning/og eller erfaring til å søkje.
Ved tilsetjing av kandidatar utan praktisk-pedagogisk utdanning er det eit krav om fullført PPU innan tre år.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonevner.
  • er engasjert og positiv - med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø
  • har eit positivt elevsyn
  • er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg
  • er tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det vert teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingen. Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4818560152

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.06.2024


Sted
6884 Øvre Årdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
354122105
Sist endret
24. mai 2024 06:17