Inaktiv

Ledig stilling som barnehagelærar

Arbeidsgiver
Suldal kommune Sand barnehage
Stillingstittel
Pedagogisk leiar / Barnehagelærar
Frist
07.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om tenestestaden

Sand barnehage er fordelt på to bygg, avdeling Randåsen og avdeling Joagaren. Dei to bygga ligg ca. 1 km frå kvarandre.

I nærområder er det fleire fine naturområde med skog og bekk, som innbyr til utforsking og spennande leik. Me er mykje ute, og på tur. Begge avdelingane ligg i gangavstand til Sand skule, idrettsbanen og den nye svømmehallen.

Om stillinga

- Stillingsstorleik: 100%

- Stillingstype: Vikariat

- Stilling ledig frå: 13.08.24 til og med 12.08.25

Arbeidsoppgåver

Er du utdanna barnehagelærar og trivst med å jakta på dei små og store magiske stundene ilag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.

Jobben din vil blant anna innebera:

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar

Du må ha utdanning som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidreutdanning innan barnehagepedagogikk.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er:

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
  • Erfaring frå arabeid i barnehage.
  • Gode norskunnskapar

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Besøksadresse:avd Joagarden, Stegåsvegen 42avd Randåsen, Eidsvikvegen 1, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
354121412
Sist endret
24. mai 2024 06:08