Sunnhordland museum søkjer etter Rådgjevar bygningsvern - Ny søknadsfrist
- Arbeidsgiver
- Sunnhordland Museum
- Stillingstittel
- Rådgivende arkitekt
- Frist
- 12.06.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vår rådgjevar innanfor bygningsvern skal gå av med pensjon og vi leitar no etter hans erstattar. Vi ser etter deg som vil trivast i eit spennande og utviklande fagmiljø, og som brenn for å ta vare på kulturhistoria i Sunnhordland.
Hva vi ser etter
++Utdanning og kompetanse:++
Relevant utdanning innan bygningsvernrelaterte fag på høgskule eller universitetsnivå
Erfaring og kompetanse innan fagfeltet
God munnleg og skriftleg formidlingsevne
Erfaring med rådgjeving og arrangementsorganisering
Erfaring med prosjektleiing og økonomistyring
Erfaring frå kulturmiljøforvaltning , kulturminnevern eller museum
Kjennskap til relevante lovar og regelverk innan bygningsvern og byggeprosjekt
Erfaring med tilstandsvurdering, dokumentasjon, finansiering og søknadsskriving
Kunnskap om arkitektur og byggeskikk
Søkjar må minimum ha førarkort klasse B
++Kvalifikasjonar++
Vi ser etter deg som er positiv, initiativrik og engasjert. Du brenn for faget og evnar og arbeida effektivt med fagleg høg kvalitet, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Fleire fagbakgrunnar kan vere relevante for stillinga, og vi kjem derfor til å sjå på kva søkjar ut frå ei heilskapleg vurdering av erfaring, kompetanse og personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgaver
Viktige oppgåver vil vera å gje rådgjevingstenester til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygningar i Sunnhordlandsregionen, samarbeida med forvaltninga i Sunnhordlandskommunane og andre aktørar, formidlingsoppgåver knytt til bygningsvern og ha det overordna faglege ansvaret for museet sine verneverdige bygningar.
++Sentrale arbeidsoppgåver:++
Gje fyrstegongs rådgjeving til eigarar og forvaltarar av eldre og verneverdige bygg i Sunnhordlandsregionen
Utarbeida kulturminnefaglege fråsegner
Gje råd og rettleiing om lokale, regionale og nasjonale tilskotsordningar
Formidla kunnskap om bygningsvern gjennom kurs, temamøter og media
Bidra til god kvalitet på museet si forvaltning av bygg og anlegg
Overordna fagleg ansvar for tilstandsvurdering, planarbeid og dokumentasjon av museet sine bygg.
Delta i nettverksarbeid
Bidra i den daglege forvaltninga/vedlikehaldet av museet sine bygg ved behov
Vi tilbyr
++Vi tilbyr++
Interessant og variert stilling i eit spennande tverrfagleg miljø
Moglegheit for å delta på relevante kurs
Varierte oppgåver med stor friheit til å legga opp eigne arbeidsdagar
Fleksibel arbeidstidsordning
Mobiltelefonordning
Lønn etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).
God pensjonsordning
- Sektor
- Privat
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Prosjektledelse, Ingeniør
- FINN-kode
- 354106049
- Sist endret
- 23. mai 2024 09:52