Inaktiv

Førebyggande risikoanalytikar søkjast!

Arbeidsgiver
ÅLESUND - Avsnitt for etterretning og førebygging, Møre og Romsdal politidistrik
Stillingstittel
Førebyggande risikoanalytikarar søkjast!
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer deg som har lyst til å bidra i vidareutviklinga av det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt!


Vi har ledig to faste, nyoppretta stillingar som førebyggande risikoanalytikar (FRA) hos avsnitt for etterretning og førebygging ved Ålesund politistasjon.

Vi søkjer deg som ønsker å bidra til førebygging av vald i nære relasjonar for driftseining Sunnmøre. Vi ser etter deg som kan jobbe med tidsfristar i høgt tempo med krevjande arbeidsoppgåver der du tar avgjerder effektivt, både sjølvstendig og i samarbeid med interne og eksterne aktørar. God kunnskap om aktuelt instruksverk og rutinebestemmelser er nødvendig å tilegne seg i stillinga.

Som FRA vil du ha tett samarbeid med fagansvarleg for partnar- og æresrelatert vald ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking i politidistriktet.

Det forventast at du som FRA vil vere ein fagleg pådrivar for førebygging av vald i nære relasjonar.

Etterforsking av mishandling i nære relasjonar, ungdomskriminalitet og andre oppgåver ved avsnitt for etterretning og førebygging må også påreknast, avhengig av behov.

Avsnittet er plassert ved seksjon for etterforsking, etterretning og førebygging i geografisk driftseining Sunnmøre, oppmøtestad Ålesund. Seksjonen består i dag av seksjonsleiar, tre etterforskingsteam, straffesaksansvarleg, TA-ansvarleg, krimvakt, publikumsmottak og avsnitt for etterretning og førebygging. Avsnittsleiar er nærmaste leiar med personalansvar for tilsette under avsnitt for etterretning og førebygging.
Avsnitt for etterretning og forebygging har i dag eit positivt og inkluderande fagmiljø med fokus på kvalitet i arbeidet som blir utført. Samarbeid, læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast.



Arbeidsoppgåver

  • Utføre risikovurderingar ved bruk av dei ulike risikovurderingsverktøya
  • Utføre trusselvurderingar
  • Koordinere og leie vurderingsmøter
  • Identifisere, vurdere og iverksette tiltak for å redusere risiko for ny vald
  • Oppfølging av valdsutsatt og valdsutøvar og samhandlande aktørar
  • Samarbeid med etterforskarar/juristar i saker som omhandlar vald i nære relasjonar
  • Etterforsking av mishandling i nære relasjonar og U18-saker
  • Det kan bli aktuelt med operativ førebyggande tjeneste kvar 6. helg
  • Andre oppgåver må påreknast etter behov på avsnittet

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Politiskolen/Politihøgskolen
  • Gode kunnskapar om politiet sine datasystem
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Erfaring med førebyggande risikoanalyse er ein fordel
  • Erfaring frå straffesaker som omhandlar vald i nære relasjonar er ein fordel
  • Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan etterretning er ein fordel
  • Kurs i relevante risikovurderingsverktøy - SARA:SV og PATRIARK
  • Erfaring/kompetanse og/eller vidareutdanning innan kriminalitetsførebygging
  • Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjent

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Sosial kompetanse, evne til å skape gode relasjonar og samarbeid
  • Strukturert, analytisk evne
  • Sjølvstendig med høg gjennomføringsevne/beslutningsevne
  • Utviklings- og løysingsorientert

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Daniel Langøyli Ludviksen, 40445916

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4810714683

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 06.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
FINN-kode
354105721
Sist endret
23. mai 2024 01:23