Inaktiv

Vi søkjer positive medarbeidarar som vil jobbe natt og helg

Arbeidsgiver
Hareid kommune, Bu- og habilitering - Reina
Stillingstittel
Vi søkjer positive medarbeidarar til arbeid på natt og helg
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du ha ein meiningsfull og givande jobb tett på menneske som treng ekstra hjelp? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har den den same føresetnadane som andre.

Du vil jobbe med vaksne brukarar og barn på avlastning.

Vi har ledig 60 fast prosent stilling med arbeidstid f.t. natt, og med fire arbeidshelgar i løpet av tolv veker. Den faste 20 prosent stillinga har også arbeidstid f.t. natt, og her vil du jobbe tre helgar over 12 veker. Vi har også ledig tre mellombelse stillingar på 20 prosent med langvakter. Du vil då jobbe fire helgar i løpet av tolv veker.

Fortel oss kva stilling du ønskjer deg i søknaden.



I jobben vil du få

  • opplæring
  • hjelpe til med daglege gjeremål av fagleg og praktisk karakter
  • delta i interne og eksterne møter ved behov
  • føre journal
  • andre utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver

Du er

  • over 18 år
  • kan norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
  • god til å kommunisere og samarbeide, og likar ein jobb tett på menneske

Vi ønskjer at du har god omsorgskompetanse, og gjerne relevant erfaring.


Før du kan starte i arbeid må du levere godkjend politiattest av ny dato.

Vi ser etter deg som

  • motiverar
  • er merksam på andres behov og kjensler
  • jobbar sjølvstendig og taklar situasjonar som plutseleg oppstår
  • held deg fagleg oppdatert

Det er viktig at du kan gjere det vesle ekstra for å skape hygge og trivsel kring deg. Du er trygg på deg sjølv, og viser dette gjennom arbeidet ditt.

I jobben vil du få

  • ein varierande og innhaldsrik arbeidskvardag
  • ein god og sentralt plassert arbeidsplass
  • kjekke kollegaer
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • løn og tillegg for kveld, natt og helg etter gjeldande avtalar
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som vi har ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngje dette i Webcruiter. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge

Kontaktinformasjon

Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231

Arbeidsstad

Teigevegen 55

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune



Referansenr.: 4803914529

Stillingsprosent: 60, 20%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 05.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
354052256
Sist endret
23. mai 2024 11:14