Inaktiv

Helsesjukepleiar

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Seksjon førebyggjande
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Vi har ledig ei 80 prosents engasjementstilling som helsesjukepleiar. Stillinga høyrer til seksjon førebyggjing (helsestasjonen), som er ein del av avdeling for barn, familie og helse.

Helsestasjonen har fått innvilga prosjektmidlar frå Helsedirektoratet for å styrke det førebyggjande arbeidet for barn og unge i Herøy. Fleire av dei faste tilsette får oppgåver knytte til prosjektarbeid, og vi søker difor ein engasjert og trygg medarbeidar som tek over noko av arbeidet deira.

Stillinga er for eitt år med mogleg forlengjing. Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule, men oppgåvene kan bli endra innanfor områda som ligg til seksjonen.

Seksjonen har i dag 8,7 stillingar som helsesjukepleiar, inkludert seksjonsleiar, og 0,8 stilling som jordmor.

Vi samarbeider tett med barn, ungdom, foreldre, barnehagar, skular, fastlegar, fysioterapeutar, psykologar, PPT (pedagogisk-psykologisk teneste), barnevern, teneste for psykisk helse og rus, kvalifiseringssenteret for innvandrarar og EMA (mottak for enslige mindreårige asylsøkjarar).

Herøy kommune har også innført BTS-modellen, "Betre tverrfagleg samhandling". Dette er eit viktig overordna prinsipp for vidare utvikling av helsestasjon- og skulehelsetenesta.



Arbeidsoppgåver

  • skulehelseteneste
  • helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid i samarbeid med andre tenester
  • samarbeid med barn, ungdom, føresette og anna tenestetilbod
  • vaksinering i tråd med "Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram"

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer at du er sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar, eller er under slik utdanning.
  • Anna relevant kompetanse på bachelornivå kan bli vurdert, som til dømes sosionom, barnevernspedagog og ergoterapeut.
  • Du må leggje fram godkjend politiattest før oppstart i stillinga.
  • Du må ha førerkort klasse B og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og har interesse for å jobbe med barn, ungdom og føresette.
  • Du kan arbeide sjølvstendig, men også i team.
  • Du er strukturert og løysingsorientert.
  • Du tek initiativ til samarbeid og oppfølging.
  • Du har gode samarbeidsevner og er positiv.
  • Du handterer krevjande situasjonar og har evne til rask omstilling.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med kollegaer som er interesserte i fag- og kompetanseutvikling
  • høve til å vere med og bidra i kommunen sine helsetenester
  • høve til å delta i etablert tverrfagleg samarbeid for barn og unge og å utvikle samarbeidet
  • fleksitid
  • god forsikrings- og pensjonsordning
  • IA-bedrift

Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Janita Westbø Remøy, Seksjonsleiar seksjon førebyggjande, +47 41693740

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4802174443

Stillingsprosent: 80%

Engasjement

Søknadsfrist: 06.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
354002698
Sist endret
23. mai 2024 10:19