Inaktiv

Vil du vere med oss i psykisk helseteamet?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusarbeid.

60% fast stilling i avdeling psykisk helse og rus med arbeidstid frå 08-15.30.

Stillinga er ledig frå snarast. Ved inntern rekruttering kan det verte ledig vikariat

Hovudarbeidsoppgåver:

Individuell oppfølging på kontor eller i heimen, behandling, miljøarbeid, gje støtte, råd og rettleiing til vaksne med psykiske lidingar og deira pårørande, koordinering/oppfølging, medisinoppfølging, deltaking i ansvarsgruppe, rettleiing og undervisning til anna personale, IP, samarbeid med andre tenester kommunale og interkommunalt mm.

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar/vernepleiar m/vidareutdanning i psykisk helse og/eller rus
  • Sjukepleiar/Vernepleiar
  • Arbeidserfaring innan psykisk helse og rus feltet er ein fordel

Personlege eigenskapar:

Vi søker ein person som er:

  • Engasjert og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med pasientar, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
  • Utholdande og tolmodig
  • Har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre og er reflektert

Me kan tilby:

  • Erfarne kollegaer
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Psyksik helse og rus har kontorer og oppmøtestad i Sandeid.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
354002398
Sist endret
23. mai 2024 10:11