Inaktiv

Fagarbeidar / assistent

Arbeidsgiver
Sula ungdomsskule, Sula kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar / assistent
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sula kommune ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på
storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode
oppvekstvilkår. Sula kommune er ei framtidsretta kommune der alle elevar
har eigen iPad.

Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg. Neste skuleår har vi om lag 440 elevar og
55 tilsette. Vi set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget.
Visjonen vår er "aktivt lærande elevar i ein inkluderande skule", der
innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og
meistringstru.

Vi har frå 01.08.24 ledig inntil tre stillingar som fagarbeidar/assistent i 70% ved Sula ungdomsskule. Det er snakk om tidsavgrensa stillingar, men med moglegheit for fast tilsetting ved seinare høve.



Arbeidsoppgåver

Assistere i pedagogiske aktivitetar, personleg hygiene og stell. Støtte elevar i fagleg og sosial læring.

Delta i arbeidet med å planlegge, tilretteleggje, koordinere og gjennomføre aktivitetar knytta til enkeltelevar og grupper.

Kvalifikasjonar

Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, men annan relevant utdanning / erfaring / praksis kan også bli vurdert.

Personlege eigenskapar

Du må vere aktiv, engasjert og vere god på samarbeid og relasjonsbygging. Vi bruker læringsbrett i opplæringa, så det er ein fordel at du meistrar digitale reiskapar.

Du må vere raus, omsorgsfull, tolmodig og kunne møte born med ulike behov på ein god måte. Du må takle stress, raske endringar, vere fleksibel og positiv.

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg ein fin arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø, og mange gode samarbeidspartnarar.

Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.

Kontaktinformasjon

Pål André Holen, Rektor, +47 93086542

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4818108773

Stillingsprosent: 70%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 05.06.2024


Antall stillinger
3
Sted
6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
353986856
Sist endret
23. mai 2024 08:10