Inaktiv

Bli med oss på laget ! Autorisert sjukepleiar 100% stilling, vikariat

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Sula kommune
Stillingstittel
Bli med oss på laget ! Autorisert sjukepleiar 100% stilling, vikariat
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, ca.20 min. å kjøre frå Moa. Avdelinga dekker området vest for Veddefabrikken.

Avdelinga har vel 22 årsverk og god fagkompetanse. Då ei av våre tilsette skal ha permisjon søker vi etter ein ny kollega i perioden 12.8.24 i ca.1 år.

Arbeidstid frå 08.00-22.00, todelt turnus med arbeid kvar 3 helg.



Arbeidsoppgåver

Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe.

Du får arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane.

Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny. Ta gjerne ein telefon og avtal ein tur innom om du lure på om dette kan vere noko for deg.

Kvalifikasjonar

Autorisert sjukepleiar med datakunnskapar og gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg


Personlege eigenskapar

Forutan god faglige kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil , fleksibel , tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd.

Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar.

Du må vere ressurs og løysingsorientert , ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.

Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar.

Arbeidet kan vere fysisk belastande.

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

Krav om førarkort

Oppgje referanse

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning.

Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.

Eit godt arbeidsmiljø og god fagkompetanse

Gode arbeidslokale

Opplæring

Arbeidskle

Vi nyttar kommunale bilar i tenesta

Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide.Dybvik@sula.kommune.no

Torunn Veddeng, Einingsleiar, 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 9B

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4818052323

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Stadsnesvegen 9B, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
353976790
Sist endret
23. mai 2024 07:07