Inaktiv

Sjukepleiar,Vernepleiar og Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I forbindelse med omlegging av vår døgndrift har vi ledige stillingar på vår lokasjon i Haugesund for fleire yrkesgrupper på natt, dag/aften og helg.

Stillingsprosentane varierer frå reine helgestillingar til 100% stillingar og gjeld både vikariater og faste stillingar. Våre avdelingar blir fra medio august allmennpsykiatrisk sengepost og to psykosepostar.

Merk søknaden din med den avdelinga du helst vil arbeida på og ønska stillingsstørrelse.

HAUGALAND DPS

Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.



Arbeidsoppgåver

  • Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande
  • Nært samarbeid med aktuelle eksterne instansar
  • Opplæring og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innen rus/psykiatri men relevant erfaring kan vektleggas
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
  • Personlege eigenskaper og relevant erfaring blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeidar godt både sjølvstendig og i team
  • beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kari Bjelland Wågen, Funksjonsleiar Allmennpsykiatrisk sengepost, 90062586

Katrine Holgersen Warvik, Funksjonsleiar Psykose sengepostar, +47 90766635

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4817267350

Stillingsprosent: 100, 80, 20%

Fast, Vikariat

Startdato: 19.08.2024

Søknadsfrist: 09.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
353973206
Sist endret
23. mai 2024 06:21