Inaktiv

Sommarvikar barnehage

Arbeidsgiver
Luster kommune Luster oppvekstsenter
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Barnehagen vår treng litt ekstra hjelp nokre veker i sommar, kan det vere noko for deg eller nokon du kjenner?

Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehagen.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.

Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon

  • Luster oppvekstsenter avd barnehage søkjer etter sommarhjelp i veke 25, 26 og 27

Kvalifikasjonskrav

  • Interesse for å vere i lag med barn og gjerne relevant erfaring med yngre barn
  • 18 år eller eldre
  • Førarkort kl.B er ein fordel

Personlege eigenskapar som vert vektlagde

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som har "snille auge", er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
  • vere fleksibel og løysingsorientert, og skape gode relasjonar til barna
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt

Me kan tilby

  • Triveleg arbeid med kjekke kollegaer og gunstig arbeidstid
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Lustravegen 3300A, 6872 Luster
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
353959526
Sist endret
22. mai 2024 12:43