Inaktiv

Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn, familiar og samarbeidspartar?

Arbeidsgiver
Ål kommune Hallingdal Barnevernteneste
Stillingstittel
Sakshandsamar - Hallingdal Barnevern
Frist
14.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hallingdal Barnevern satsar! Vil du bli ein del av ei teneste i utvikling, med høgt kvalitetsfokus og eit arbeidsmiljø som bygger lag? Då er du kanskje den vi ser etter!

Vi søkjer no etter fleire kontaktpersonar som kan vere med å utgjere ein forskjell hjå oss. Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå, med Ål som vertskommune. Barneverntenesta er lokalisert sentralt på Ål.

Vi har følgande stillingar ledige:

  • 150% stilling - Fast kontaktperson (sakshandsamar)
  • 200% stilling - Vikariat kontaktperson (sakshandsamar) fram til 31.08.2025

Oppstart er etter avtale. Vi ønskjer snarlig tilsetting og intevju vil bli heldt fortløpande.

Generelle kvalifikasjonar:

  • Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med tilleggsutdanning.
  • Gjerne erfaring frå barnevern.
  • Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar.
  • God skriftleg framstillingsevne.
  • Gode dataferdigheiter.

Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:

  • Evne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk.
  • Gode refleksjonsevner.
  • Ein god teamarbeider.
  • Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning.
  • Trivst med å jobbe i høgt tempo.
  • Positiv holdning og godt humør.

Vi kan tilby

  • Eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern.
  • Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Fagleg utvikling og vekst.
  • Kompetanseheving.
  • Pensjonsordning KLP.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.

Send søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sundrevegen 95, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Konsulent, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
353956493
Sist endret
22. mai 2024 12:53