Kunst- og uttrykksterapeut

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Stillingstittel
Kunst- og uttrykksterapeut
Frist
16.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 psykolog, 1 overlege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.

Vi er i ei utprøvingsfase der det er ønskeleg å vidareutvikle kunst- og uttrykksterapitilbodet. Seksjonen har eiga rom tilpassa tilbodet samt ei keramikkovn.

Vi søker ei kunst- og uttrykksterapeut i 50% stilling ut året, med moglegheit for forlenging. Det er også moglegheit for auka stilling i kombinasjon med miljøterapeutiske oppgåver på sikt.



Arbeidsoppgåver

  • Kunst- og uttrykksterapi, både i grupper og individuelt
  • Terapi ovenfor personlegheitsforstyrring, men også symptomlidingar
  • Moglegheit for andre typer gruppeterapi, psykogedukative, dynamiske samtalegrupper m.m.
  • Delta i team

Kvalifikasjonar

  • bachelor innan helse- og/eller sosialfag
  • vidareutdanning i kunst- og uttrykksterapi
  • gjerne vidareutdanning i eller erfaring med mentaliseringsbasert terapi
  • klinisk erfaring frå rus/psykiatri
  • erfaring med grupper
  • erfaring med personlegdomsforstyrring

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • evne til å sjå pasientane sine behov
  • positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
  • respekt for kvar enkelt pasient
  • erfaring med pasientgruppen er ønskeleg
  • det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • fagleg og personleg utvikling
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Emma-Louice Jansdotter Håvåg, Leiar, 90713289

Trude Larsen, Leiar, 98800425

Arbeidsstad

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4806359161

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Søknadsfrist: 16.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
353953588
Sist endret
22. mai 2024 12:26