Psykolog

Arbeidsgiver
NAV Arbeidsrådgiving Vestland
Stillingstittel
Psykolog
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I NAV Arbeidsrådgiving Vestland har vi eit ledig vikariat som psykolog med arbeidsstad Bergen. Vi ser etter kandidatar som identifiserer seg med
verdigrunnlaget vårt og som har forståing for arbeids- og
velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv. Vikariatet er ledig frå august 2024 og har førebels sluttdato i april 2025.

NAV Arbeidsrådgivning Vestland er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med utfyllande arbeidsretta kompetanse innan arbeidspsykologi, pedagogikk og jobbmeistrande kartleggings- og
rettleiingsmetodikk. Totalt har kontoret 9 tilsette som leverer tenester til
NAV-kontora i fylket. Tenester som vert levert av NAV Arbeidsrådgivning skal
vera eit komplementært tilbod til øvrige tenester i NAV. Vi legg stor vekt på å
ha eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, og særleg viktig er kontakten
med rettleiarane ved NAV-kontora. Vi har i tillegg mykje brukarkontakt.

Arbeidsrådgivingstenesta har to geografiske lokasjonar i Bergen og
Sunnfjord. Vi besøker NAV kontor i regionane for tverrfagleg saksdrøfting, undervisning og rettleiing. Ein må derfor rekne med noko reiseverksemd i samband med jobben.



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, utgreiing og utvida rettleiing av brukarar med fokus på arbeid
  • Tematisk og fagleg undervisning
  • Rettleiing av tilsette ved NAV-kontora
  • Bistå brukarar med komplekse og uavklarte behov for støtte
  • Utvikle samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Synleggjere brukar sine ressursar og moglegheiter i arbeidslivet

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som psykolog
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • erfaring frå kartlegging- og utgreiingsarbeid av personar som har utfordringar med å meistre arbeid
  • erfaring frå arbeidsretta rettleiing av personar med komplekse og samansette behov

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå eller kjennskap til NAV sitt arbeid
  • erfaring med deltaking i prosjektarbeid og/eller tverrfagleg samarbeid

Vi ser etter deg som

  • Har gode servicehaldningar
  • Har gode relasjonelle evner
  • Arbeider målretta, strukturert og effektivt
  • Har gode evner til og interesse for å drive rettleiing og opplæring
  • Interesserer deg for utviklingsarbeid

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Variert og tverrfagleg samarbeid
  • Fagleg utvikling og oppfølging innafor relevante fagområde for stillinga
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Statleg tilsetting i stillingskode 0794 psykolog med lønnsspenn frå kr. 620.000 – kr. 720.000 kr. per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Thorleif Nesse, Avdelingsdirektør, 406 06 621, thorleif.oivind.madsen.nesse@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 8

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV



Referansenr.: 4814974068

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 19.08.2024

Sluttdato: 30.04.2025

Søknadsfrist: 05.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Rådgivning, Konsulent
FINN-kode
353948807
Sist endret
22. mai 2024 11:45