Inaktiv

Autorisert helsesekretær ved Selje legekontor

Arbeidsgiver
Helse, Stad kommune
Stillingstittel
Autorisert helsesekretær ved Selje legekontor
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Legekontoret i Selje søkjer etter autorisert helsesekretær i 60% fast stilling frå 01.08.2024.

Legekontoret har eit godt fagmiljø med 3 fastlegar og helsepersonell i resepsjon/laboratorium. Legetenesta er ei kompleks teneste og dei siste åra har det skjedd ei omfattande overføring av oppgåver frå spesialisthelsetenesta til primærhelsetenesta. Fastlegane har fått fleire oppgåver enn før og det har vore behov for å auke opp fastlegeheimlane og redusere listelengdene. Desse endringane har også ført til auka behov for støttetenester.



Arbeidsoppgåver

  • Resepsjons- og telefonarbeid
  • Assistere legane
  • Laboratoriearbeid
  • Ulike kliniske oppgåver som arbeid på skiftestove

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter helsesekretær med relevant arbeidserfaring.
  • Gode personlege eigenskapar og kommunikasjonsevner
  • God datakompetanse er nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert og med gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Bidra positivt i arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dagarbeidstid

Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Politiattest skal leverast før start i stillinga.

For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar helse Linda Gotteberg.

Kontaktinformasjon

Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad



Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4815009474

Stillingsprosent: 60%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 05.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6740 Selje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
FINN-kode
353947531
Sist endret
22. mai 2024 10:53