Psykiater/overlege

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykiater/overlege
Frist
04.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig 2 faste stillingar for spesialist i vaksenpsykiatri frå snarast. Stillingane er knytt til våre allmennteam, det er og mogeleg å vere innom spesialteam, og til å knytte seg til dei ulike kompetansegruppene som vi har.

Allmennteama er tverrfaglege samansett med psykologar, psykologspesialistar, overleger, LIS og spesialsjukepleiarar.

Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse og seksjon for ambulante tenester DPS Molde, ligg under avdeling for distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmennteam, gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.

Vi har 50 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykologar, LIS, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar. Allmennteama er breitt sammensett av omsyn til utdanning og fagleg orientering. Etter tilvising frå primærhelsetenesta, gir teama tilbod om utgreiing og behandling av personar over 18 år. Det vil vere opning for å kunne fordjupe seg i utvalde fagområde knytta til ulike pasientgrupper.

Tilsettingar vert gjort fortløpande!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Avklaring, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med eit breitt spekter av psykiske lidingar
  • Deltaking i tverrfaglege teammøte
  • Samhandling med kommunale tenester og samarbeid med andre seksjonar i klinikken
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og til legar i spesialisering (LIS)
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk legeautorisasjon med spesialisering i psykiatri
  • LIS som er i slutten av spesialiseringsløpet sitt kan også søkje. Det vil verte tilrettelagt for å fullføre spesialisering
  • Ønskjeleg med brei klinisk erfaring
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som kan arbeide både sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige lønsvilkår etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit solid fag-og forskningsmiljø med fleire doktorgradsprosjekt, tilsette med PhD og andre fagutviklingsprosjekt
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
  • Internundervisning og kompetansegrupper
  • Eit godt kollegialt miljø og etablert rettleiingsordning/-tilbod for overlegane, både i gruppe og individuelt
  • Utvikling av terapikompetanse med bla. tilrettelegging av terapiutdanningar
  • Mogeleg å delta i gruppebehandling
  • Drive eigne terapiforløp
  • Låg vaktbelastning
  • Stor grad av sjølvstendigheit
  • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar
  • Ferie stort sett etter behov
  • Moglegheit for deltaking på relevante kurs og konferansar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Tonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4816104310

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 04.06.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell, Lege / Psykiater
FINN-kode
353858450
Sist endret
22. mai 2024 06:30