Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
04.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig stilling for psykolog/psykologspesialist som er interessert og engasjert i faget.

Stillinga er planlagd delt mellom gruppeteam som driv ulike grupper med forankring i psykodynamisk terapiretning, og med allmennteam. Allmennteamet gjev tilbod om utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar. Gruppeteamet tilbyr behandling for personar med ulike relasjonelle vanskar, og teamet er utdanna ved Institutt for Gruppeanalyse. I tillegg til tverrfagleg samansett team, vil ein ha mogelegheit til å knytte seg til ulike kompetansegrupper innanfor traume, nevro, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Teama er tverrfagleg samansett.

Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er delt inn i fleire ulike team; to allmennteam, gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4 - dagars team (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team. Poliklinikken har over 50 fagstillingar med overlegar i psykiatri/legar i spesialisering, psykologspesialistar/ psykologar, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar. Vi legg vekt på arbeid i team med godt samarbeid og god kollegastøtte.

Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, ta gjerne kontakt med seksjonsleiar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing
  • Psykoterapeutisk behandling, både individuelt og i grupper
  • Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og undervisning
  • Delta i utviklingsarbeid og planlegging

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter autorisert psykolog/psykologspesialist
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern er ønskjeleg
  • Gjerne utdanning i, erfaring med og spesifikk interesse for gruppeterapi

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner då det meste av arbeidet utførast saman med andre team-medarbeidarar
  • Du trivast med arbeid i team, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og ansvarsbevisst
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Tilrettelegging for spesialisering
  • Medlemsskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Tonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4816176155

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 04.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
353857358
Sist endret
22. mai 2024 06:26