Fjell ungdomsskule
- Arbeidsgiver
- Øygarden kommune Fjell ungdomsskule
- Stillingstittel
- Skulesekretær 100 % fast
- Frist
- 04.06.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Arbeidsoppgåver:
• Arbeid i skulen sine digitale system
• Føring av løn og fråvær
• Bestilling av varer og tenester
• Fakturering og rekneskap
• Resepsjonsoppgåver, blant anna svare telefon og ta i mot besøkande
• Vikaransvar
• Arkivering
• Andre kontor- og trivselsoppgåver
Kvalifikasjonar:
Må ha:• Bachelor i økonomi og administrasjon. Fagbrev innan kontorfag med erfaring frå liknande arbeid, eller lang erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning
• Erfaring med administrativt arbeid
• Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
• Erfaring frå kontorarbeid i skulen
• Kjennskap til dei digitale systema som skulen nyttar
• Du er positiv og serviceinnstilt
• Du har god arbeidskapasitet og trivst i ein hektisk kvardag
• Du er oppteken av å ha god kommunikasjon med elevar, føresette, kollegaer og andre
• Du samarbeider godt med andre, men kan og jobbe effektivt åleine
• Du tek ansvar når vi har oppgåver vi treng å finne løysingar på
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
• Interessante utfordringar
• Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontaktperson:
Bente Kleppe Lervik, rektor. epost: bente.lervik@oygarden.kommune.no, telefon: 55097702
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bjørkestølen 41, 5353 Straume
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Kundeservice
- FINN-kode
- 353853958
- Sist endret
- 21. mai 2024 12:00